
Venstrehendt bakspiller har signert for Volda Handball
Gitt skadesituasjonen i Volda Handball har klubben teke grep og signert nok ein spelar med erfaring frå Eliteserien. Marie Munthe kjem frå Fjellhammer IL, og med sine 185 cm og harde skot med «feil» hand har ho vist at ho held eit nivå som blir kjærkome for Volda i den situasjonen vi står i.
«Feil» hand betyr venstre hand – og Marie, som sist sesong også spilte eliteseriehåndball for Follo Damer, blir dermed den første som naturleg fyller rolla som høgre bakspelar. I fleire sesongar har vi vore nøydde til å bruke høgrehendte i denne posisjonen, men no får vi både Marie og Zoe som kan tilføre ein heilt ny dimensjon i det offensive spelet vårt.

Samtidig blir 3’ar-posisjonen bakover styrkt, og laget får etterlengta avlasting i ei gruppe som har vore sårbar for stor belastning. Marie seier sjølv dette om overgangen:
– Eg var ei veke i Volda og trente med laget. Både klubben og staden trigga meg voldsomt, og eg trur verkeleg på prosjektet som er i gang her.
Reidar er også nøgd og har følgjande kommentar:
– Marie er ei spennande forsterking for oss. Ho har god fysikk, er skotsterk og tilfører noko vi har mangla i høgreback-posisjonen. Vi har følgt ho ei stund, og synest det er veldig positivt at ho ønskjer å ta dette steget. Ho kjem inn med erfaring frå eliteserien og vil gi oss både tyngde og variasjon i spelet vårt.
I første omgang er overgangen registrert som eit utlån fram til kampen mot Aker 4. januar. Overgangen kan forlengast dersom begge partar ønskjer det.
Ta turen til Volda Campus førstkomande søndag og få med deg debuten til Marie! Kampen er også dedikert til farsdagen – og byr på eit ekstra krydder når Reidar møter sin tidlegare assistent, Thomas, som no er hovudtrenar for helgas motstandar, Glassverket.
