
Volda Handball: – Dana er tatt ut i Island sin VM-tropp!
Vi gratulerer Dana Bjørg Gudmundsdottir med å bli tatt ut i den islandske VM-troppen som skal delta i handball-VM for kvinner i Tyskland og Nederland, frå 26. november til 14. desember! Dette er ein stor prestasjon, og vi er stolte over at Dana får representere Island på verdsstevnet.
Med mindre Island skulle gå heile vegen til finalen, vil Dana vere tilbake i god tid til å spele Folkets kamp mot Pors den 13. desember. Vi heiar på både Dana og Island, og ser fram til å sjå ho tilbake på bana for oss etter VM.
Vi ønsker Dana masse lykke til i VM, og ser fram til å støtte ho både på landslaget og i dei viktige kampane med laget vårt etter mesterskapet!

