
Volda: Nytt poeng glapp – tre kampar utan siger
Først tap mot Utleira, og deretter to uavgjort-kamper mot henholdsvis Trondheim Topphåndball og no Åsane. To av seks moglege poeng er ikkje kva vi håpte på etter den fantastiske sesongstarten vi hadde.
Volda opnar i eit forrykande tempo og går tidleg opp i leiinga både 3–0 og 6–3. Særleg forsvarsspelet – og ikkje minst målvaktsarbeidet til Mathilde – held høg klasse. Sjølv om kampen roer seg noko, og det høge tempoet i opningsminutta fører til nokre tekniske feil begge vegar, held heimelaget godt grep om kampen og går til pause med 13–9.
Som litt for ofte før slepp Volda motstandaren inn att i starten av andre omgang, og på få minutt er Åsane berre eitt mål bak, 15–14. Volda slit med å finne rytmen og samspelt flyt, og blir noko passive utan ein tydeleg skytter. Likevel held dei seg i føringa både på 20–17 og 26–23 så seint som fem minutt før slutt.
Men Åsane kjem tilbake og utlignar til 26–26 to og eit halvt minutt før slutt. I ein målfattig kamp blir det også sluttresultatet, og heimelaget må sjå nok eit viktig poeng glippe i kampen om direkte opprykk. Mathilde blir kåra til vår beste med 34 % redningar (heile 50 % til pause), medan Hannele blir toppscorar for tredje kamp på rad med ni nettkjenningar.
Neste heimekamp er heldigvis berre sju dagar unna. Komande søndag ventar Glassverket – leia av tidlegare Volda-assistent Thomas Reeh. Det ligg an til ein herleg duell, ikkje berre på bana, men òg på benken mellom trenarane. I tillegg er det Farsdag, og alle fedrar får halv pris på inngangsbilletten. Verdt å ta turen!
